Den første
tida
Det har truleg budd
folk på Vatne (Giljastølen) heilt tilbake til tida før Svartedauden.I ein
matrikkel frå 1668 er Dirdal nemnt med bl.a. Vatne ødegård. Garden ligg,
i følge matrikkelen, "i søre enden av Giljastølsvatnet, vel 400
m.o.h."
Men Svartedauden gjorde djupe innhogg i Dirdal som ellers i fjordbygdene.På
1600-talet blei Vatne igjen busett, men denne gongen blei busettinga meir
kortvarig, og i samband med folketellinga i frå 1865, heiter det at
"Vatne er underlagt Giljes fem første Brug; ubeboet, bruges til Sætrstøl."
Framleis er det synlege hustomter frå denne tidlige busetting.
Livet på stølen

Frå gammalt av var stølstida
feitingstid for buskapen.Dei fleste prøvde å fø fram flest mogleg dyr gjennom
vinteren sjølv om det kunne bli knapt med fôr til alle. Om
sommeren blei dyra sendt på stølen for å gjere seg feite og mjølke mykje.
Giljastølen låg eit godt stykke fra heimegardane.Stølen blei brukt tidleg på
sommaren og på hausten.På stølen var det fint å vere, både for menneske og
dyr.Det var ofte kvinnene og barna som drog på stølen medan karane arbeidde
med slåttonna heime. På stølen blei matstellet enklare enn heime.Den varme
middagen blei ofte sløyfa til fordel for flatbrød og spekemat.Stølsmaten, som
også blei ein viktig del av maten om vinteren, blei laget her.Melka var råstoffet
som ble brukt.Det ble kinna smør og ysta ost.Rømmegraut var festmat på stølen.
Ny hytte

Etter at stølshuset
brann ned, bygde Torstein S. ei hytte. Denne hytta stod til den blei erstatta
med den noverande hytta tidleg på 70-tallet.
Frafjordvegen

Vegarbeidet starta frå
begge sider før jul i 1959. Veidekke starta frå Gilja, entreprenør
Jansen starta på toppen og arbeidde nesten til første
sving, medan Vegvesenet starta i Frafjord.
Hyttebygging

Biletet
viser den første Røde Kors-hytta.
Før Frafjordvegen var
ferdig, var det 5-6 hytter på Giljastølen. Dei første åra var det ei
avgrensa hyttebygging, men frå slutten på 60-åra blei det ein kraftig vekst,
og det er i dag ca. 250 hytter i området.
Pølsebuene

Torsten S. Gilje var
ferdig med den første pølsebua 10. mars 1962. Det var ein laurdag
og distrikslækjaren kom og godkjende ho. Etter at dette var i orden måtte
Torstein køyra kona til klinikken for å få det tredje barnet,
Bjørg Sølvi.

Det
vart no bygd ei pølsebu på hjul, som kunne trekkjast etter ein traktor og
plasserast etter behov.

Den
nye pølsebua på den nederste parkeringsplassen. Ein
ser her Sigrunn Marie og Gerhard Emmerhoff,mormor og morfar til Svein Gilje.

Pølsebua
ovenfor Giljastølsvatnet. Bygget ca. 1969.

I
1971 stod noverande pølsebu ferdig.
Denne blei omtala som den største pølsebua i Nord-Europa. Salget var eventyrleg.
Rekorden var 100 kassar brus seld på ein dag.
Parkeringsplassene

Nederste
parkeringsplass blei bygd 1967-1968 og hadde plass til ca.400 bilar. Plassen
var i bruk til 1984.

Øverste
parkeringsplass blei påbegynt i 1971 og er utvida fleire gonger.
Parkeringsplassen har plass til 8-900 bilar, men ein stor del blir i dag brukt
til campingvogner.

Pølsebua ble bygd med 4 utsalg
I 2002 ble hytta redusert til 2 utsalg

I 2007/08 ble hytta bygd på, for å passe betre til
utleige. Nytt soverom, avskjermede uteplassar og eit Badstu/Grillhus |